KOMREV3 IKS er eit samfunnsansvarleg og uavhengig revisjonsselskap med fokus på å betre den kommunale forvaltninga. Vår hovudoppgåve er å revidere kommunerekneskapane for dei folkevalde i eigarkommunane.

Gjennom vår erfaring og kompetanse skal vi vere ein støttespelar for kommunane, slik at forvaltninga skjer innanfor gjeldande rammer og lovverk.

KOMREV3 IKS skal bidra til å trygge ei effektiv og truverdig forvaltning av offentlege midlar i våre kommunar.