Rekneskapsrevisjon

Rekneskapsrevisjon er å kontrollere og stadfeste at rekneskapen ikkje inneheld vesentlege feil eller manglar, og at den er i samsvar med lover, forskrifter og god kommunal rekneskapsskikk.

Vår revisjon er gjennomført i tråd med god kommunal revisjonsskikk.

Vi skal og kontrollere at tal i årsrekneskap stemmer med endeleg budsjett og at det er gjort greie for eventuelle vesentlege avvik i årsmeldinga.

Vi vurderer og om leiinga har sytt for tilstrekkelig registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysningar, og at det er etablert ein god økonomisk intern kontroll. 

Forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjon er å gjennomføre systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut frå kommunestyret eller bystyret sine vedtak og føresetnader.

Ein ser mellom anna på om ressursbruk og verkemiddel er effektive i høve til dei mål som er satt på området og om regelverk blir etterlevd.

Målet med forvaltningsrevisjonen er å etterprøve måten offentlege tiltak er sett i verk, og å sjå på kva slags verknader tiltaka har hatt.

Forvaltningsrevisjon skal bidra til ei betre og meir effektiv forvaltning.

Selskapskontroll

Selskapskontroll er ein gjennomgang av forvaltninga av eigarinteressene i selskap som er organisert som AS, interkommunale selskap (IKS) eller liknande.

Målet er å vurdere om dei som forvaltar kommunen sine eigarinteresser i selskapet, gjer dette i samsvar med kommunestyret eller bystyret sine vedtak og føresetnader (eigarskapskontroll).

Selskapskontrollen kan i tillegg til den obligatoriske eigarskapskontrollen, utvidast med ein meir omfattande forvaltningsrevisjon.

Vi er gitt ein vid innsynsrett i dei selskapa som er kommunalt eller fylkeskommunalt heileigd.

Særattestasjonar

Kommunerevisjonen har ansvar for å stadfeste ulike prosjektrekneskap for statlege tilskot, til dømes spelemidlar.

I tillegg har vi mange andre attestasjonsoppdrag, til dømes momskompensasjon, ressurskrevjande tenester og pasientrekneskap.

Finansforvaltning

Det er krav om å utarbeide eit finansreglement med administrative rutinar for finansforvaltninga, minst ein gong i kommunestyret sin valperiode.

Dette reglementet og rutinane skal kvalitetssikrast av ein uavhengig instans før det blir vedteke av kommunestyret. Vi er uavhengig instans for våre kommunar.

Rådgjeving

Kommunerevisjonen arbeider nært med kommunane , og dette skaper arenaer og gode høve til å vere ein samtalepartnar innan ulike utfordringar og problemstillingar.

Vi har brei erfaring og fleirfagleg kompetanse innan kommunal forvaltning, og er medlem i fleire nettverk med spesialkompetanse innanfor offentlig forvaltning.

Misligheter

Kommunerevisjonen skal bidra til å førebygge og avdekke misligheter og feil.

Vi skal sende ei førebels innberetning til kontrollutvalet dersom vi avdekker misligheter. Når saksforholdet er nærare klarlagt, skal vi sende ei endelig innberetning med kopi til rådmannen.